Dei norske curlingkvinnene gav Sveits ein tøff kamp i VM-finalen, men måtte til slutt sjå seg slått 3?6 av dei regjerande verdsmeistrane.? Når motstandrane klarer alle steinane er det vanskeleg, men vi er nøgde med kva vi leverer, seier skipper Marianne Rørvik til arrangøren etter finalen.I tillegg til Rørvik er Kristin Skaslien og dei to Lillehammer-kvinnene Martine Vollan Rønning og Mille Haslev Nordbye med på laget. Dette var det første norske kvinnelaget i ei curling-VM-finale på nitten år. Rørvik er stolt over deira eigen prestasjon.? Veka har vore over all forventing. Alle håper å komme til finalen og vinne, men vi hadde sluttspel som mål og å spele ei finale var veldig morosamt, fortel RørvikSom regjerande verdsmeistere var Sveits storfavorittar før turneringa i svenske Sandviken. I VM har sveitsarane sigra i alle matchar fram til finalen, og styrka sitt favorittstempel.
NRK Hedmark og Oppland - 26.03.2023, 18:42